line decor
  
line decor

 
 
 

Ulvik Herad. Bratt vegskråning av morenemassar.

Moreneskråning.  For m.a. å utvida vegbanen vart det teke ut ein del massar. Det som låg att var undergrunnsmassar av morene. Desse massane inneheld lite av mikroorganismar også lite og ikkje organisk materiale. I enkelte parti var det likevel noko humus i massane og tilveksten på plantene var her svært god. I august/september –96, planta me inn pluggplanter av prestekrage, lupin, og tiriltunga, men og litt av revebjølle, svaleurt, gul gåseblom og tjøreblom. Bileta frå skråningen er tekne i juni –98. Det vart planta 3-4 planter pr. kvadratmeter og elles sådd tunt med svaktveksande grasartar. Det er viktig med årleg gjødsling over ein 5- års periode i slike skråningar av undergrunnsmassar, dette fordi her finst mest ikkje tilgang på organisk materiale for plantene. Etableringa har vore vellukka. På dei dårlegaste plassane er det tiriltunge og lupin som greier seg best, men prestekrage har og ei svært god vekstkraft og greier seg på skrinne vekseplassar.