line decor
  
line decor

 
 
 

Mange av plantene som trivst på ekstra fuktige vekseplassar er stauder. Det kan vera langs elvekantar, rundt og i dammar eller små vatn eller i andre sumpområde. I tillegg til den estetiske verdien, vil eit plantedekke halda på jordsmonnet og hindra erosjon samt at mange av plantene rensar vatnet (aktivt brukt i fangdammar).

I dag er det krav til revegetering etter inngrep i slike våtmarkssoner. Innplanting av våtmarksplanter med rask spreieevne, vert meir og meir nytta.

Dei siste åra har me hatt ein prøveproduksjon av ulike våtmarksplanter. Til no har me dyrka desse i M60 skogplanteplugg, men frå komande sesong vil me prøva ut andre system med større rotvolum.

Døme på viltveksande våtmarksplanter i vår produksjon:
 


 
  • Acorus
  • Caltha palustris
  • Carex rostrata
  • Eripohoum angustifolium
  • Filipendula ulmaria
  • Iris pseudacorus
  • Juncus effusus
  • Lychnis flos-cuculi
  • Lysimachia vulgaria
  • Lythrum salicaria
  • Menyanthestrifoliata
  • Myositis scorpioides
  • Phalaris arundinacea
  • Potentilla palustris
  • Phragmites communis
  • Typha lathifolia

 

         
           
 

Det er viktig å merkja seg at desse sortane vert berre produsert etter tinging! Dette gjeld og dei andre naturfloraplantene me produserer.
Dersom det er interesse for andre sortar, ta kontakt.