line decor
  
line decor

 
 
 

Plantingar i Bærum kommune

I minst 20 år har me levert stauder til Bærum kommune. No pensjonert gartnar, Tore Tonna, har tileigna seg stor kunnskap i bruk av stauder. Han har komponert mange fine plantingar. Vidar Berg Iversen er ein annan gartnar i kommunen som har stor kunnskap i bruk av stauder. Hausten 2014 tok eg ein tur til Bærum der eg fekk omvising av Vidar. Her ser du nokre av plantingane dei har fått til.

Rønne park

Bilete 1: Like bak Sandvika stasjon. Tore Tonna har stått for planlegging og val av planter i parken. Etablert i 2009 og 2010. Saman med blømande stauder er det bruka fleire sortar prydgras.

Bilete 2: Framme frå venstre: Kalimeris incisa ‘Blue Star, Lythrum salicaria ‘Rakete’. Bak frå venstre: Helenium ‘Kanaria’, Percicaria amplexicaulis ‘Rosea’, Miscanthus giganteus, Eupatorium maculatum ‘Atropurpureum’.

Bilete3: Anemone hupehensis ‘September Charm og Echinacea purpurea (raud og kvit sort)

Bilete 4: Kalimeris incise ‘Blue Star’, Helenium ‘Kanaria’, Astrantia ‘Roma’, Persicaria amplexicaulis ‘Rosea’.

Bilete 5: I 2013 vart det planta prydgraset Hakonechloa macra i ytterkant av parken, under alleen med store tre. Dette graset trivst med vandrande skugge. Hakonechloa har gjerne ord på seg for å etablera seg seint. Men dette biletet, som er teke året etter utplanting, viser at plantar ein kraftige planter, vil òg dette graset etablera seg ganske raskt.

 

           

     

Stabekktunet park

Bilete 1: Dette er ein liten park, i Sverige kalla ‘Lommepark’. Dette er ein park der folk kan sitja og nyta roen, omgjevne av vakre samplantingar av buskar, tre og stauder. Vidar Berg Iversen er ansvarleg for planlegging og val av planter i parken. Etablering juni 2014, bileta er teke september 2014.

Bilete 2: Det skal verta spennande å sjå dette inngangspartiet om nokre år, etter at roser og klematis har vokse seg større.

Bilete3: Vakker samplanting av Geranium’Sirak’, Agastache ‘Blue Fortune’ og Anemone hybr. ‘Honorine Jobert’. Sjølv få månader etter etablering, har dei alt vakse seg store.

 

       

     

Bergersletta

Bilete1: Planlagt og etablert av ToreTonna. Vakker samplanting av Miscanthus sinensis ‘Nischidace Göteborg’ (fremst til høgre), Agastache ‘Blue Fortune’, prydgraset Calamagrostis brachytrica, Aster macrophyllus ‘Twilight og Eupatorium maculatum ‘Atropurpureum bak til høgre.

Bilete 2: Fremst Sedum spectabile ‘Brillian’, bak Helianthus salicifolius.

Bilete 3: Aster macrophyllus ‘Twilight’ og Geranium ‘Patricia’.