line decor
  
line decor

 
 
 

Ljono stauder produserer også planter frå norsk natur. Urter både frå eng og skog. Alle desse plantene vert produsert som M60 plugg. Sjå under pluggplanter.                                                .
Mange av våre viltveksande stauder er meir aktuelle for bruk i offentlege anlegg enn nokon sinne.
Den nye forskrifta om framande organismar, som trer i kraft frå årsskiftet 2016,vil nok gjera sitt til at norske naturplanter kjem meir i bruk.
BREEAM-NOR
er ei ny miljøsertifisering av bygg og grøntanlegg. Bruk av planter som naturleg veks i regionen gjev poeng. Det same gjer planter som har positiv verknad på dyrelivet. Me er stadig på leit etter ville artar som kan forsvara plassen sin i slike naturanlegg. Særleg er det viktig å finna gode artar av gras som kan fylla rommet mellom andre blømande artar.
Regnbedplanter for handtering av overflatevatn vert meir og meir aktuelt. Det er mange norske naturplanter som eignar seg godt til dette føremålet.
Grøne vegger: Særleg i byane ser det ut for at bruk av grøne vegger kjem meir i bruk. Her vil òg ein del norske naturflorastauder vera aktuelle. I 2015 har me levert stauder som pluggplanter til grøne vegger i Bergen. Byggherre er BIR, utførar er anleggsgartnermester Wikholm as. Her vart det bruka to artar norske naturstauder i tillegg til andre innførde. Dei norske artane er: sisselrot ( Polypodium vulgare) og rosenrot (Rhodiola rosea). Andre aktuelle kan vera Alchemilla alpina.

Ved ny bruk av planter, eller nye bruksområde, meiner me det er viktig å tileigna seg kunnskap før ein går i gang med planting av store område. Difor er det bra at institusjonar samlar kunnskap i form av prosjekt der ulike planter til ulike bruksområde vert utprøvd. NMBU, Ås har eit forsøk med norske naturplanter til regnbed. Statens vegevesen skal planta norske naturplanter ved nye E18 i samband med eit våtmarksområde. Andre forsøksprosjekt med regnbed er på gang.

For framlegg til norske naturstauder til ulike bruksområde viser me til katalogen vår side 4.

Mange av engplantene eignar seg m.a. godt til bruk i magre, vanskelege vegskråningar. Eller på andre vekseområde der ein ynsker naturleg revegetering.

 Bileta nedanfor er i frå to ulike prosjekt
1. Ulvik Herad. Bratt vegskråning av morenemassar
2. Statoil ASA. Dyneheieng ved Statoil gjestehus, Solastrand
3. Grøn vegg, BIR, Jekteviken, Bergen
4. Regnbed, NMBU, Ås