line decor
  
line decor

 
 
 

Grøn vegg, Jekteviken, Bergen

I samband med nyanlegget til BIR i Jekteviken, er det satsa stort på grønevegger som eit miljøtiltak. Veggskjelettet er eit nytt system her i landet. Anleggsgartnermester Wikholm as står for utføringa. Her er planta 5 artar/sortar stauder i tillegg til nokre artar buskar, som t.d. eføy. To av staudeartane er frå norsk natur; sisselrot og rosenrot. På bilete 1 ser me rosenrot i hjørna nede til høgre.Elles ser me småvaksen Hosta og prydgraset Sesleria heufleriana. Plantene er planta i sluttenav juni 2015. Biletet er teke i oktober, av Hjeltnes Gartnarskule. På bilete 2 ser me sisselrot t.v.