line decor
  
line decor

 
 
 

Regnbed, NMNU, Ås

Dette er eit prosjekt for utprøving av norske naturstauder til regnbed, for handtering av overflatevatn. Staudene vart planta seint på hausten 2014. Bileta her er teke tidleg i august året etter (2015). Artar som er bruka er: skogburkne, ormetelg, soleiehov, ballblom, vanleg fredlaus, skogstorkenebb, vanleg mjødurt, sverdiris, blåknapp og storkonvall. Av ikkje norske artar vart planta: klasefjør og kransveronika.