line decor
  
line decor

 
 
 

Nye sortar i produskjon 2015

Agastache ‘Black Adder’

Mørkare fiolett enn Agastache ‘Blue Fortune’, elles ganske like. Desse sortane av Agastache gjer seg godt i mange plantingar, ikkje minst p.g.a. den vertikale forma og den tette, tjukke blomsterstanden. Agastache må ha god drenering gjennom vinteren.

Anemone tomentosa ‘Albadura’

Hardfør og vakker haustanemone.

Aquilegia ‘Rose Queen’

Denne akeleia blømer lenge. Elegant med lange sporar.

Aralia racemosa

Skogsplante med vakkert bladverk, gulgrøne blomestandar som vert til små, mørke bær seinhaustes. I litteraturen er planta omtala som kortliva, me har overvintra denne i potter heile 3 vintrar. Ser ut for å vera vinterherdig.

Artemisia lactiflora ‘Guizhou’

Aster ageratoides ‘Asran’

Frå før har me hatt Aster ageratoides ‘Harry Schmidt’ i produksjon. Denne arten ser ut for å vera ein god aster som høver godt for større plantingar. Dei får ikkje mjøldogg, har tett vekst og tiltalande form på blomestand.

Astilbe simplicifolia ‘Snowdrift’

Astrantia major ‘Claret’

Astrantia major ‘Stars of Billion’ ®

Digitalis ferruginea ‘Gelber Herold’

Som dei fleste revebjøller oppfører denne seg som toårig plante. Men ho frør seg lett, og nye planter vil gjerne dukka opp her og der i ei planting. Revebjøller er verdifulle innslag i ei planting p.g.a. sine lange, nakne spir, som også er vakre etter at dei er ferdige å bløma. Denne sorten er gulbrun med særs lange spir.

Echinacea purpurea ‘Secret Passion’

Mange av dei nye sortane purpursolhatt med uvanleg farge og/eller fylte blomestandar oppfører seg ofte som eittårige. Denne sorten overvintra me ute i potter sist vinter med 100 % overvintring. Det kan lova bra, men ikkje nok utprøvd til å vita sikkert kor sterk sorten m.o.t. overvintring. Stort sett har eg ikkje sans for dei fylte sortane, men akkurat denne har eg sansen for.

Epimedium grandiflorum

Eupatorium maculatum ‘Riesenschirm’

Euphorbia polychroma ‘Purpurea’

God kantplante. Denne sorten får desutan fin haustfarge.

Helenium ‘Ruby Tuesday’

Helleborus niger

Hosta ‘Guacamole’ Hosta ‘June’®

Hosta ‘Rainforest Sunrise’

Iris germanica ‘Red Orchid’

Kalimeris incisa ‘Madiva’

Svært god sort. Blomsterrik, lang blømingstid. Tett vekst, stødig plante som står uansett ver og vind.

Peucedanum verticcilare

Vakkert friskt bladverk. lange blomestenglar med flotte skjermar i toppen. Fin i små grupper i større plantingar. Er ikkje langliva, men vil ofte så seg sjølv, slik at det vil dukka opp nye planter.

Phlomis russeliana

Phlox paniculata ‘Blue Boy’

Rudbeckia fulgida var. deamii

Sanguisorba off ‘Arnhem’

Sedum ‘Red Cauli’

Trollius ‘Orange Crest’

Verbascum nigrum var. album