line decor
  
line decor

 
 
 
                     
 

Ljono Stauder er ei familiebedrift som produserer stauder til bruk for ulike kundegrupper.
Største del av produksjonen vår går til offentleg anlegg. Kundegrupper innan dette feltet er: kommunar, vegvesen, anleggsgartnarfirma, bustadstiftingar og liknande.
Dei siste åra har me og produsert og levert planter til hagesentermarknaden.
Me har og ein produksjon av pluggplanter for vidareproduksjon.
Dei som ynskjer å koma på besøk, er hjarteleg velkomne! Ring for avtale.

Gartneriet ligg på garden vår i Ulvik. I tillegg til planteproduksjon, har me sauer, hundar og hestar. Ulvik ligg inst i ein fjordarm av Hardangerfjorden. Klimaet for dyrking av planter er framifrå. Indre fjordklima, varme somrar og vintrar med stabilt snødekke.
Me leverer planter over heile Sør-Noreg. Godt transportnett gjer at me kan senda planter dagleg. Me arbeider kontinuerleg med å finna gode ordningar for transport som stettar krav om sikker leveranse til ein lågast mogeleg kostnad.

Ljono Stauder har lang erfaring i produksjon av planter frå norsk natur. Det er engplanter, skogsplanter og våtmarksplanter. Me samlar sjølve inn materiale frå naturen rundt, frø eller stiklingar, og produserer nye planter. Desse plantene vert berre produsert etter tinging.

Gartneriet vårt er eit av dei få som produserer ein del av sortimentet som pluggplanter. For  utplanting vert desse produsert som skogplanteplugg type M60. Alle naturfloraplanter vert produsert i dette systemet, også ein del av våtmarksplantene. Også nokre eigna sortar til anlegg kan leveras som plugg M60. Les meir om dette under dei ulike menyane. Ta kontakt for referansar.

   
                     
           
         
                     

Ljono Stauder

5730 Ulvik

mob: 957 24 063

epost: post@ljono.no