line decor
  
line decor

 
 
 

Prydgras 2017

Lat opp porten og slepp dei inn! Eg er sikker på at dette er eit besøk du vil få stor glede av. Bladverket skapar fine kontrastar, og mange har spesiell og vakker vekstform, ofte med dekorative strå eller aks. Under er lista opp dei sortane me har i produksjon, og me vil etter kvart utvida sortimentet. Er det spesielle sortar du er ute etter, vil me gjerne prøva å få tak i desse.

Lukke til med bruk av prydgras!

2001    Calamagrostis x acutiflora ’Karl Foerster  røyrkvein
Veks i tette tuer. Bryt tidleg om våren. Aks i opprette toppar, fløyelsgrå på farge, gule om hausten. ’Karl Foerster’ er meir kompakt enn arten. Trivst best i sol eller delvis skugge. Vanleg hagejord. 100 cm. høg. Bilete1 Bilete2 Bilete3 Bilete4

2014    Calamagrostis x acutiflora ’Overdam’        røyrkvein (kvitstripa)
Som over, men med kvitstripa bladverk. Har stivare stenglar enn ’Karl Foerster’ og held seg derfor betre oppreist, sjølv når aksa er tunge av regn. Bilete1 Bilete2

2003    Calamagrostis brachytricha koreansk hagerøyrkvein     
Veks i kompakte tuer med fonteneform. Vakre oprettveksande aks i august/september. Friskt grøne overhangande blad som seinare får gul haustfarge. 80-140 cm høg.

2018   Carex morrowi ’Ice Dance’             japanstarr                 
Tette stive, stive vintergrøne tuer. Tydelege gul-kvite striper langsetter ytterkant av blada. Toler vintersola betre enn C. m. ’Variegata’ Trivst  best på litt fuktig jord. Spreier seg lett med korte rotskudd. Sol eller delvis skugge. 30 cm høgt.

2036    Carex folioissima ‘Irish Green’     
30 cm. Mørk grønt bladverk. Vintergrøn. God til botndekke. Trivst best der det er litt skugge.

2015    Carex morrowii ’Variegata’ japanstarr
Tette, stive, vintergrøne tuer. Smal, gulkvit stripe nær bladkanten. Trivst best på litt fuktig jord.. Trivst både i sol og skugge. 30 cm. høgt

2017    Carex muskingomensis        skråningstarr
Lysegrøne bla som går rett ut frå strået. Lett overhengjande blad som gjev eit eksotisk  preg. Tette brunraude blomsterstandar frå juli.Føretrekkjer litt fuktig jord, gjerne i delvis skugge. 50-70 cm høgt. Bilete1 Bilete2

2020    Deschampsia cespitosa ’Goldschleier’       sølvbunke
30 cm høgt gras, 60 cm med aks. Mørkegrøne blad dannar flotte, tette tuer. Lette, luftige aks i juni-juli. Vakker, gylden haustfarge. Sol til delvis skugge, gjerne humusrik jord. Bilete

2032   Festuca gautieri                    bjørnesvingel
15 cm – 25 cm høgt. Tette mørkegrøne tuer som breier seg utover. Aks i juni –juli. Trivst best i full sol.

2033   Festuca glauca ’Elijah Blue’                       blåsvingel
20-35 cm høgt. Smale blad med stålblå farge. Krev godt drenert jord og full sol.
           
2022    Hakonechloa macra             hakonegras               
30-40 cm. Tueform, sterkt overhengjande bambusliknande blad som bøyer seg mot marka. Elegant, overfløymande vekst, som kan minna om rennande vatn når planta i større grupper. Mørkt grønt bladverk. Trivst best i vandrande skugge, fuktig jord, men veldrenert. Toler ein del turke. Bilete1

2023    Hakonechloa macra ’Albostriata’              hakonegras               
30-40 cm. Som arten, men ein del av blada er kvitstripa.

2045    Hakonechloa macra ‘Aureola’      
40-50 cm. Gule blad med grøn stripe. Har ikkje så kraftig vekst som den reine arten og sorten ‘Albostriata’. Eignar seg godt i krukke.

242      Leymus arenarius (frå norsk natur)             strandrug      
Gras som naturleg veks innst på stranda, gjerne mellom litt større fjørstein. Viltveksande i Noreg.

2004    Luzula sylvatica        storfrytle
Likar seg på skuggefulle stader. Humusrik jord. Breie glinsande blad i tette rosettar. Vintergrøn. Spreier seg med utløparar. Botndekkande. Brunlege blomsterstandar i mai.
30-40cm høgt. Flott solitærplante.

2021    Miscanthus floridulus ’Giganteus’              elefantgras
300 cm høgt, breie mørkegrøne blad med kvit midtstripe. Tydeleg overheng. Bevegelse og raslelyd ved det minste vindpust. Ingen aks. Bilete1 Bilete2

2007   Miscanthus sinensis ’Dronning Ingrid’         silkekinagras
110-140 cm. Nok omeir opprett vekstform enn mange andre silkekinagras. Raudlege, glinsande aks mot siste halvdel av september. Blad og stenglar får vakre haustfargar. Trivst best i sol og næringsrik, godt drenert jord.

2005    Miscanthus sinensis ’Ferner Osten’           silkekinagras
Elegante overhangande blad, med raudleg midtstripe. Stilk og blomsteraks er raudlege, aks vakkert glinsande. God vekstform. Vakker solitærplante. Trivst best i sol og næringsrik jord. 150-180 cm høgt.

2013   Miscanthus sinensis ’Flamingo’        silkekinagras
120-140 cm. Overhengjande blad og aks. Aks mot slutten av august, sølvaktige med svakt rosa skjer. Trivst best i sol og næringsrik, godt drenert jord. Bilete

2025    Miscanthus sinensis ’Kleine Fontäne’        silkekinagras
150-170 cm. Overhengande aks med rosa skjer. Set aks i byrjinga av august. Trivst best i sol. Bilete1 Bilete2       

2006   Miscanthus sinensis ’Maleparthus’        silkekinagras
160-180 cm. Overkengjande blad, med tydekeg kvit midtstripe som vert meir raudlilla utover hausten. Raude aks siste halvdel av september. Varm vekseplass, god jord og god drenering. Bilete

2026    Miscanthus sinensis ’Yaku Jima’               silkekinagras            
140-160 cm. Lys brune, opprette aks mot slutten av september.

2039    Molinia arundinacea ‘Cordoba’                 kjempemolinia         
Overhengande vekst. 80-170 cm. Sol eller delvis skugge. Dette graset får svært vakker haustfarge.

2034   Molinia arundinacea ’Windspiel’
60-22 cm høgt. Store aks i august, har også prydverdi om vinteren. Opprett vekst.

2009    Molinia arundinacea ’Transparent’ kjempemolinia
Vekstform som over, men med florlette, nesten gjennomsiktige aks. Svært elegant. 160-180 cm høgt Bilete

2040    Molinia caerulea ‘Edith Dudszus’              blåtoppmolinia         
40-110 cm. Mørke aks. Sol eller delvis skugge. Bilete

2002    Molinia caerulea ’Heidebraut’ NY
50-120 cm. Sølvglinsande aks. Sol eller delvis skugge. Vakker haustfarge. Sol eller delvis skugge.

2010    Molinia caerulea ’Moorhexe’          blåtoppmolinia
Stivt opprett tueforma gras med mørk grøne blad. Aksa er blåsvarte. Brungul haustfarge. Trivst i full sol på dei fleste jordtypar. Bilete    

2011    Molinia caerulea ’Overdam’ NY   
30-60 cm. Blad og stenglar skrått opprettveksande. Trivst i sol eller vandrande skugge.

2016    Sesleria autumnalis
Vakkert tueforma gras. Limegrønt bladverk. Tett vekst. Aks i august-september. 50 cm høgt. Trivst best i full sol

2033    Sesleria heufleriana             
Mørk grøne blad med blåaktig underside. Sidan blada veks mest som i spiral, gjev dette eit blågrønt fargespel. Vintergrøn. Dekorative blågrøne aks alt i april. Trivst i sol og dlvis skugge. God til botndekke og toler det meste. 40 cm høg. Bilete1

2041    Sesleria nitida           
50 cm høgt. Flotte blågrå tuer. gråkvite aks i april-mai. Fin i framkant av rosebed, eller som steppeplante. Trivst der det er varmt og turt.

2012    Spartina michauxiana ’Aureomarginata’                kansasspartina
Lange hangande blad med tydeleg gule striper. Fine haustfargar.  Spreier seg med utløparar. Vakre, særprega aks. Svært god å bruka i bukettar/dekorasjonar. Toler saltvatn. Arten kjem frå Nord-Amerika og veks naturleg langs elvekantar. Sol eller vandrande skugge. 150 cm høgt. Bilete

2043    Sporobolus heterolepis        
30-80 cm. Smalblada, tette tuer, med svært lette, transparente aks. Kan brukast som botndekke/mellomvegetasjon på turre vekseplassar. Er viltveksande på den amerikanske praærien, òg i sørlege delar av Canada. Er lite utprøvd hjå oss. Bilete

2030    Stipa calamagrostis              sylvfjørgras
70-110 cm. Dannar lette overhengjande tuer. Sølvaktige aks frå juni til november. Trivst godt i sol, men vil også trivast i vandrande skugge. Bilete1

 

Høgde 40-140 cm tyder; 40 cm utan strå, 140 cm med strå. Dette gjeld for alle på denne lista.