line decor
  
line decor

 
 
 

Bærum kommune, Sandvika, Rønne park

Planteplanen for denne planen er utarbeidd av Tore Tonna som er gartnar i Bærum kommune. Torunn Hovland Ljone, Ljono Stauder har vore konsulent på plantesida. Ljono Stauder har også levert staudene. Anlegget er på totalt 320 m2. Arealet vart planta i to omgang. Eit indre elipseforma område på ca. 60m2 vart planta til i 2009, medan resten vart planta i 2010. Prosjektet er særs vellukka, ikkje minst p.g.a. grundig forarbeid og god planlegging av ein gartnar med stor interesse for stauder og mykje erfaring.Fleire innslag av ulike prydgras er også med og gjer denne plantinga  attraktiv. Bileta som er viste her er tekne i slutten av august 2010.