line decor
  
line decor

 
 
 

Staudeetablering i tre rundkøyringar, E6 Østfold

Eit samarbeid mellom Statens vegvesen Østfold og Norsk gartnerforbund.Landskapsarkitekt Britt Angell Johnson frå Villbring landskap har utarbeidd planteplanar.Innleigde konsulentar på plantesida var Eva Vike frå LNH og Torunn Hovland Ljone frå Ljono Stauder.


Prosjektet hadde som mål å prøva ut stauder som kunne gje rundkøyringar eit lyft med tanke på oppleving og estetikk, men likevel  ikkje stilla store krav til vedlikehald. Tre rundkøyringar er med i prosjektet. Rundkøyring A og B har eit planteareal med  diameter  ca. 15 meter. Rundkøyring C har eit planteareal med diameter ca. 30 meter.


Staudene vart planta i august 2009. Bileta som er viste her vart tekne ved ei synfaring i slutten av august i 2010.