line decor
  
line decor

 
 
 

Statoil ASA. Dyneheieng ved Statoil gjestehus, Solastrand

Då Statoil ASA fekk løyve til å byggja på sjølve Solastrand, var det viktig at bygg og område rundt var miljøvenleg og at det heile reint estetisk harmonerte med omgjevnadane.
Landskapsarkitekt Astrid Norland, då tilsett i Origo as, var konsulenten Statoil hadde knytt til seg m.o.t planlegging av uteområdet. Ljono Stauder vart tidleg kontakta med tanke på produksjon av planter og praktisk gjennomføring av revegeteringsdelen.
På slike dynehei-strender som Sola er vegetasjonen slik: Ytst ute mot stranda veks marehalmen. Denne har spesialisert seg for denne veksestaden, i rein sand, og fangar opp sand, tang og tare som kjem med vind og sjøsprøyt. Planta er avhengig av dette og veks berre i høgden etter kvart som sanddynene vert djupare.
Innanfor beltet med marehalm kjem eit beltet med dyneheieng. Her er vekstmediumet sand, med eitt tunt lag humus på toppen. Svaktveksande grasartar saman med blømande urter veks her. Alle med toleranse for salt.

Ut mot stranda, på framsida av bygningane, vart det etablert eit marehalmbelte. Friluftsrådet i Rogaland, som hadde erfaring med rehabilitering av marehalmområde, utførte denne delen av arbeidet.
I le for bygningane, ved inngang og tilkomst, skulle det etablerast dyneheieng. Ljono Stauder produserte planter og sto også for utplantinga. For å sikra eit best mogeleg resultat, vart det bestemt å samla inn plantemateriale frå stadeigne planter til bruk i produksjonen av plantene. I samråd med Fylkesmannen sin miljøavdeling, vart det samla inn plantemateriale frå stranda før byggeprosessen starta. Det vart samla frø av blømande urter, medan det vart samla inn vegetativt materiale av graset sandraudsvingel. Dette fordi me ikkje hadde tid til å venta på neste års frøproduksjon.
Plantene vart produsert som pluggplanter M60 og planta ut med holpipe. Me produserte vel 18.000 planter sandraudsvingel og ca. 3000 av ulike urter, hovudsakleg raudkløver, bitterbergknapp, blåklokke, tiriltunge.
For å redusera faren for vinderosjon i etableringsfasen, vart det planta svært tett. 25 planter/kvm. Plantinga fann stad juni og juli 2004. Alt i august same år hadde ein etablert eit tett plantedekke.
Slik sett var prosjektet særs vellukka. Men av ein eller annan grunn ser det ut for at ein har blanda inn for mykje humus i jordmonnet det vart planta i . Som tidlegare nemnt, er jordsmonnet på slike vegetasjonstypar, hovudsakleg sand, med berre ein liten del humus. Me reagerte på dette ved planting. Og alt hausten 2004, viste det seg at veksten på plantene var for kraftig.
Ved synfaring oktober 2006, er det tydeleg at jordmonnet er for kraftig. Grasveksten er altfor stor. Særs lyselskande urter som blåklokke, bergknapp og tiriltunge tapar i konkurransen. Rundt hellegang, der det nok ikkje er så mykje organisk materiale, ser veksten normal ut i høve til det ein ynskte seg, dyneheieng med blømande urter. Slått og fjerning av graset vil over tid tappa jorda for næring, men dette tek  fleire år. Dette viser tydeleg kor viktig det er med rett jordsmonn.

Frå plantinga juni/juli 2004

               

     

Slik såg det ut september 2004

     

Slik såg det ut i oktober 2006

          

Naturleg etablert dynehei