line decor
  
line decor

 
 
 

Stauder til anlegg

Kravet til dagens plantingar, er at dei skal vera mest mogeleg vedlikehaldsfrie, men også ha stor opplevingsverdi for brukar. Med tanke på å unngå etablering av frøugras, er særleg dei storblada staudene aktuelle. Stauder med store, gjerne basalstilte blad, eller stauder med tett, kraftig bladvekst, slepp så lite lys til marka under, at frøugras ikkje etablerer seg. Mange stiller heller ikkje krav til deling eller klipping. Desse staudene har ein rask tilvekst, samanlikna med buskar får ein i dei fleste høve ei raskare etablering og tett plantedekke. Meir innhaldsrike plantingar, der ein brukar mange sortar, stiller større krav til vedlikehald. Men med god planlegging og bruk av kraftige sortar, vil også desse plantingane kunna forsvara sin plass i offentleg anlegg. Eit fast program for skjøtsel vil vera avgjerande. Ljono Stauder har meir enn 20 års erfaring med produksjon av stauder til offentleg anlegg. I denne tida har me og lagt vinn på å samla informasjon og erfaring i bruk av stauder til slike plantingar. Dei seinare åra har me også teke på oss utarbeiding av planteplanar.


Til høgre finn du bilete av ulike plantingar, både av dei me sjølve har planlagt eller der me har vore inne som konsulent m.o.t. plantekjennskap.

For meir informasjon om ulike artar til ulike vekseplassar, viser me til Staudegruppa Norsk Gartnarforbund si felles side, www.stauder.net

       
   
       
 

Bærum kommune

Rundkøyring, E6

Lille Lungegården

Universitetet i Stavanger